Møt ostefamilien

Dette er Ostebygdas samla skattekiste, 26 smaksrike individualistar fostra opp på det beste frå fjellheimen. Om sumaren er det endå tre ostetyper som blir produsert, nemleg Trøgost naturell og med karve, samt Surystil.

I Ostebygda går dyra ute så mykje som mogleg. Om sumaren er dei på stølen, der dei beitar på fjellvekstar som gjer mjølka ekstra smaksrik. Osten som er ysta om sumaren, er derfor merka som «stølsost» – fordi
han er ekstra rik på både smak, farge og antioksidantar. Men alle gardane i Ostebygda ligg høgt, så smaken av fjell er der heile året. Nokre av ostane våre er lagringsostar der smaken veks fram etter som tida går, andre er ferskostar som skal etast med ein gong. Her er kvite ostar, gule og brune ostar, milde og snille ostar, kraftige og spenstige ostar, krydra ostar,smørbare, halvfaste og faste ostar. Felles for heile familien er smaken av fjellandskap og kulturarv. Vel unt!

Klikk deg inn på kvar ostefamilie for å sjå kva for smakfulle oster de har å tilby.

Rueslåtten Ysteri

Rueslåtten Ysteri ligg vegg i vegg med fjøset på garden Rueslåtten. Rueslåtten er eit av landets godkjente ysteri for produksjon av ost på rå (upastauraisert) mjølk. I fjøset bur 16 kyr av ulike rasar, både telemarksfe, vestlandsk fjordfe, jerseyfe og NRF, som gir mjølk med ulike kvalitetar. Om sumaren er kyrne ute på stølen, slik glade kyr skal vere. Både garden og ysteriet blir drive av Jarle Rueslåtten og sambuaren Rakel. Rueslåtten ysteri ystar ostar på både ku- og geitemjølk. Frå Øvrejorde leveres mjølk i verdsklasse, noko ein berre får om ein har friske og fornøgde geiter. Etter nokre år med produktutvikling har Rueslåtten ysteri landa på seks ostar, og to av dei har vunne bronsemedalje i VM i ost og fleire medaljer i NM Gardsost.

Jakobsplass

Høgt oppe i Skurdalen, 930 meter over havet, ligg fjellgarden Jakobsplass. Her har Trine og Lars Lilleslåtten drive på gamlemåten sidan 1980-talet, og all mjølka frå dei 15–20 mjølkegeitene blir foredla heime på garden. Trine fyrer primkjelen sin med ved frå eigen skog. Kumjølka ho treng til primen, henter ho på Hamarsbøen. Å lage ost på gamlemåten er tungt fysisk arbeid, og det einaste tekniske hjelpemiddelet Trine har skaffa seg, er eit røreverk. Om sumaren er geitene på stølen. Alle heilårsostane frå Jakobsplass erbrunostar, og om sumaren lager Trine ferskost i tillegg.

Fagerdalen

Fagerdalen støl er gamal som alle haugane og har vore drive av familien til Anne-Lise Søndrol sidan 1702. Her har dei drive osteproduksjon på same måten opp gjennom hundreår – få stader i Ostebygda sit tradisjonane så godt i veggene som her. Her har Anne-Lise ysta kvit kyost, kokt Trøgost og laga Surystil akkurat slik generasjonane før henne gjorde. I Anne-Lise sin tradisjonsrike støls-kafé i Fagerdalen får du kjøpt rumme, rummegraut, smør og andre stølsprodukt, og eit godt utval av det beste frå Ostebygda.

Prestholt Geitost

Prestholt Geitost blei starta i 1989, da familien Stenberg kom flyttande til bygda og overtok garden Rudningen med stølane Prestholt og Leirgrøv. Med seg på flyttelasset hadde dei ein ostetradisjon frå Osterøy på Vestlandet, som dei brukte som utgangspunkt for å lage den originale brunosten sin. Den lagar dei framleis, men i 2016 starta sonen Tim opp Hol Ysteri i den gamle Joker-butikken i Hol. Her ystar han elleve forskjellige ostar, seks av dei ber Prestholt-logoen. I tillegg ystar Tim for Gurostølen og Hamarsbøen. Hol Ysteri har også lokalmatbutikk.

Hamarsbøen

Hamarsbøen er ein mellomstor norsk gard som ligg i 700 meters høgde i Kvisla, med fantastisk utsyn nedover i Hallingdal. Her bur 25–30 mjølkekyr. Av mjølka frå dei glade kyrne på Hamarsbøen ystar Tim ved Hol Ysteri tre ulike kvitostar. I tillegg leverer Hamarsbøen mjølk til Trine på Jakobsplass når ho treng det til primen sin. Om sumaren koser kyrne seg på stølen, som ligg i Havsdalen. Ostane frå Hamarsbøen blir laga på vintermjølk. Av stølsmjølka blir det laga gul og feit Havsdalsrumme full av Omega 3, 6 og antioksidanter

Gurostølen

Gurostølen ligg på 900 meter over havet, og her har det stort sett vore samanhengande stølsdrift sidan 1600-talet. Her har Kjetil og Marianne 15 kyr om sumaren. Nokre av kyrne frå garden deira tek turen opp til AnneLise i Fagerdalen. På Gurostølen produserer dei også Trøgost og rumme. I tillegg leverer dei mjølk til Tim på Hol Ysteri, som han ystar Kronblom av. Gurostølen har ein liten stølsbutikk som sel eigenproduserte og lokal produserte varer, og dei leiger ut hytter. Gjestene på Gurostølen deltek i stølslivet, og blir gjerne svorne ostianarar og stølsentusiastar i løpet av opphaldet her.