Serveringsstader

Hol kommune er ein reiselivskommune der landbruk og klassisk reiseliv har jobba sammen i mange år. Ja, faktisk var det slik at dei fyrste besøkende her til kommunen, budde og fekk møte vårt venlege vertskap på gardane. Lordene frå England, som kom hit til hol rundt 1850, hadde gode relasjoner til bøndene i Sudndalen. På turiststaden som i dag heiter Geilo, er alt bygd ut i frå landbrukseiendommer. Slik er det kanskje i det meste av landet vårt, ja til og med i resten av verden, men det er veldig tydeleg her i Hol, at det er landbruket som gjennom tidene har lagt til rette for den utviklinga ein ser resultata av i dag. I frå gamalt av, så var det heimeprodusert, sjølvlaga mat og matretter som vart servert folk som kom på besøk. Eige kjøtt, eigne oppskrifter og eigne ostar på kvar ein gard. ER me på veg tilbake dit?

 

Reiselivet og landbruket jobbar framleis godt saman i Hol. Me er veldig glade for at det stadig er fleire og flerie bedrifter i reiselivet, som har produkt frå Ostebygda. Her er ei liste, som stadig vil bli oppdatert.