Sjå kor vi heldt til

Klikk på kartet for å lesa meir om kven som heldt til der.

Fagerdalen støl

Fagerdalen støl er gamal som alle haugane, og her har dei drive osteproduksjon på same måten sidan 1702. Ystar sjølv og leiger kyr av Gurostølen. Fagerdalen har ope heile sumaren, og tilbyr blant anna Stølsbord.

Kalvefløto

Dette er ein støl som ligg heilt inn på snaufjellet, inne ve Stolsvatnet. Omkransa av majestetiske Hallingskarvet, Reineskarvet og fjella i vest. Geiteflokken til Ole Øvrejorde nyter dei lange sumarkveldane, og gir mjølk av beste kvalitet.

Geitevasstølen

Rueslåtten reiser med alle sine kyr til fjells om sumaren. Ein god tradisjon, som gir ro til både budeie, bonde og buskap. Kyrne finn som regel sine favorittområder å beite på, etter som sumaren blir meir og meir frodig i fjellandskapet. Friskt rennande vatn, rik flora og vakker utsikt. Det er høg og god kvalitet på fjellmjølka, eller stølsmkjølka om du heller vil kalle den det. Jarle og Rakel tek heim mjølka frå stølen, og yster eigne ostar på sumarmjølk.

Gurostølen

Gurostølen ligg i Hol kommune, midt mellom Oslo og Bergen, langs fylkesveg 50. 950 m.o.h ved foten av Hallingskarvet. Stølen har ei 400 år lang historie som starta med at Guro, ei gong på 1600 tallet, flytta dyra hit, for å nytte dei gode fjellbeitene. Den gongen var det ei nødvendigheit for å overleve som jordbrukere i fjellbygdene. I generasjoner har det vorte skapa tradisjoner som me ynskjer å formidle gjennom dei varene vi tilbyr i dag. Fjellbeitemjølka har andre kvaliteter enn vanleg mjølk, prega av beites mangfoldige flora som gir rike fettsyrer og antioksidanter.

Hallingskarvet

Hallingskarvet med sine 1933 meter over havet, er høgaste punktet i Hol kommune. Ja, faktisk talt i heile Buskerud.

Larsgard

Heimgarden til Kjetil Larsgard. Ein moderne gard, som har bygd ut og satsa på moderne landbruk, NRF-kyr og aktiv stølsdrift om sumaren. På garden er det ca 70 kyr. Garden ligg i Hovet, tett innpå ferdselåra FV 50, som tek deg til Aurland i Vest, og Hol i aust.

Hol Ysteri

Hol Ysteri er sjølve hjartet i Ostebygda. Her finn du også eit lokalmatutsalg med turistinformasjon og uteservering.

Rudningen

Familien Stenberg kom til Rudningen i 1989. Her har dei eget kokerom for brunost, nedskjæringsanlegg for kjøtt og eit lite konfektmakeri. Geitefjøset rommer på det meste opp mot 800 dyr. Om sumaren er flokken på ca 280 geiter, som alle sammen reiser frå Rudningen og opp til Prestholt.

Øvrejorde

Garden Øvrejorde ligg i Hovet. Stølen til Øvrejorde heiter Kalvefløto og ligg på 1200 moh. Øvrejorde leverer geitemjølk til Rueslåtten Ysteri nesten heile året for produksjon av Rød Geit, Kubbeost og St. Pål.

Rueslåtten Ysteri

Rueslåtten Ysteri ligg vegg i vegg med fjøset på garden Rueslåtten. Ostane produseres altså heime på garden, heile året. Om sumaren er kyrne på stølen, Geitevasstølen. Rueslåtten kjøper geitemjølk av Øvrejorde.

Hamarsbøen

Hamarsbøen er ein mellomstor norsk gard som ligg i 700 meters høgde i Kvisla, med fantastisk utsyn nedover i Hallingdal. Hamarsbøen leverer vintermjølk til Hol Ysteri for produksjon av Lykjylost, Kvitost og Røykt Kvitost. Om sumaren er dyr og folk frå Hamarsbøen på Hamarsbøenstølen. Der produseres rumme og smør. Dei leverer også kumjølk til Jakobsplass når dei treng kumjøk til primen sin.

Havsdalstøl

Hamarsbøen Gard i Kvisla, held på mange tradisjonar. Ein av dei verkeleg gode tradisjonane er å buføre tidleg på sumaren. Det vil si at heile familien tek med seg alle kyrne, og går den fine turen til fots. På stølen i Hasvdalen er det ein liten stølsbutikk som er open om sumaren.

Geilo

Eit moderne turistknutepunkt mellom aust og vest. Rv 7 og FV40 er begge tilknytta Geilo sentrum. Her i Geilo sentrum finn du alt det du treng. Ein magfoldig handelsstand, restauranter, stort aktivitetstilbod og senger i alle former og fasonger. Geilo er spesielt godt egna for barnefamilier.

Prestoholt støl

Prestholt Støl (1200 moh) driv produksjon og salg av ost i sumarhalvåret. Stølsmjølka frå geitene køyres også ned til Hol Ysteri for produksjon av Leirgrøv. Heimgarden heter Rudningen og ligg i Hol, og det er der brunosten lages om vinteren.

Jakobsplass

Høgt oppe i Skurdalen, 930 meter over havet, ligg fjellgarden Jakobsplass. Dei ystar og koker ostar sjølv. Kjøper kumjølk av Hamarsbøen når det trengst til primen.

På Jakobsplass er det også eit lite gårdsutsalg, med både ost og litt anna håndlaga småtteri.

Skurdalsstølen

Trine Lilleslåtten frå Jakobsplass, har Skurdalsstølen som tilholdstad på sumaren. Her lever ho godt sammen med familien og geitene, 950 meter over havet.