

Jakobsplass
Høgt oppe i Skurdalen, 930 meter over havet, ligg fjellgarden Jakobsplass. Dei ystar og koker ostar sjølv. Kjøper kumjølk av Hamarsbøen når det trengst til primen.
På Jakobsplass er det også eit lite gårdsutsalg, med både ost og litt anna håndlaga småtteri.




Hamarsbøen
Hamarsbøen er ein mellomstor norsk gard som ligg i 700 meters høgde i Kvisla, med fantastisk utsyn nedover i Hallingdal. Hamarsbøen leverer vintermjølk til Hol Ysteri for produksjon av Lykjylost, Kvitost og Røykt Kvitost. Om sumaren er dyr og folk frå Hamarsbøen på Hamarsbøenstølen. Der produseres rumme og smør. Dei leverer også kumjølk til Jakobsplass når dei treng kumjøk til primen sin.

Gurostølen
Gurostølen ligg på 900 meter over havet, og her har det stort sett vore samanhengande stølsdrift sidan 1300-talet. Stølsmjølka leverer dei til Hol Ysteri for produksjon av Kronblom. Gurostølen leiger bort kyr til Fagerdalen om sumaren. Om vinteren er dyr og mennesker heime på garden Larsgard.
