Rueslåtten Ysteri

Rueslåtten Ysteri ligg vegg i vegg med fjøset på garden Rueslåtten.
Rueslåtten er eit av landets godkjente ysteri for produksjon av ost på rå
(upastauraisert) mjølk. I fjøset bur 16 kyr av ulike rasar, både telemarksfe,
vestlandsk fjordfe, jerseyfe og NRF, som gir mjølk med ulike kvalitetar.
Om sumaren er kyrne ute på stølen, slik glade kyr skal vere. Både garden
og ysteriet blir drive av Jarle Rueslåtten og sambuaren Rakel. Rueslåtten
ysteri ystar ostar på både ku- og geitemjølk. Frå Øvrejorde leveres mjølk i
verdsklasse, noko ein berre får om ein har friske og fornøgde geiter. Etter
nokre år med produktutvikling har Rueslåtten ysteri landa på seks ostar,
og to av dei har vunne bronsemedalje i VM i ost og fleire medaljer i NM
Gardsost.

StoreVelten

StoreVelten er ein stor, fast, upasteurisert
lagringsost laga på rein, rå kumjølk. StoreVelten blir selt som heile hjul på 15 kilo. Smaken er mild og fin og blir kraftigare ved langtidslagring. Han har vorte lagra i minimum seks månader.

Kva med å prøve StoreVelten på hamburgeren eller pizzaen?

St. Pål

St. Pål liknar StoreVelten, laga med like delar ku- og geitemjølk. Geitemjølka frå Øvrejorde gjer St. Pål kraftigare på smak og får han i tillegg til å modne litt raskare.  Han har vorte lagra i minimum seks månader.

Kva med å rive litt St. Pål og i
sundagsomeletten?

Rød Geit

Rød Geit er ein halvfast rødkittost laga på rein geitemjølk. Rødkitten som osten er
pakka inn i, blir vaska med saltvatn, noko som gir ein god og litt salt kittsmak. Rød
Geit har vore med i VM i ost to gonger, i 2017 og 2018, og vann bronsemedalje
begge gongene.

Kva med å servere litt store stykker av Rød Geit, sammen med litt god honning?

Lord Garvagh

Lord Garvagh har mykje til felles med Rød Geit, bortsett frå at han er laga på rein kumjølk. Lord Garvagh er ein pasteurisert, halvfast rødkittost som er vaska i saltvatn. Osten smaker aller best om han får ligge minst eit par månader. Namnet har han arva frå den britiske adelsmannen Lord Garvagh, som treivst godt i fjellheimen i  området i riktig gamle dagar.

Kva med å lune ei tjukk skive Lord Garvagh
i ovnen og servere med heimebaka rugbrød til?

Kubbeost av geit

Kubbeosten av geitemjølk er ein modna kremost, som er modna med mjølkesopp. Ofte vert denne ostetypen kalla chevre. Osten fekk ein gjev bronsemedalje i oste-VM i 2018. Trefjølene som Kubbeostane ligg på, er laga i samarbeid med Vinn Hallingdal. Trefjølene er eit ledd i den  lokale verdiskapinga. Viktig for osten, bonden og miljøet.

Kva med å skjære ei god skive og varme den i eit par minutter i ovnen, og servere med solbærsirup og nokre hasselnøtter vendt i varmt sukker?

Kubbeost av ku

Kubbeosten av kumjølk er ein modna kremost som er modna med mjølkesopp. Kubbeosten av ku blir laga i november, desember og januar, når geitene har Mjølkepause fordi dei snart skal få kje. Kubbeosten av ku vert seld frå ti dagar etter produksjon, og smaker aller best etter tre-fire veker.

Kva med heimelaga pizza med skinke, frisk salat og gode stykkjer kubbeost på toppen etter steiking?