Gurostølen

Gurostølen ligg på 900 meter over havet, og her har det stort sett vore samanhengande stølsdrift sidan 1600-talet. Her har Kjetil og Marianne 15 kyr om sumaren. Nokre av kyrne frå garden deira tek turen opp til AnneLise i Fagerdalen. På Gurostølen produserer dei også Trøgost og rumme. I tillegg leverer dei mjølk til Tim på Hol Ysteri, som han ystar Kronblom av. Gurostølen har ein liten stølsbutikk som sel eigenproduserte og lokal produserte varer, og dei leiger ut hytter. Gjestene på Gurostølen deltek i stølslivet, og blir gjerne svorne ostianarar og stølsentusiastar i løpet av opphaldet her.

Kronblom

Kronblom er ein gauda-inspirert ost laga på stølsmjølk frå dei fjellfriske sumarkyrne som beitar på Gurostølen. Den djupe gulfargen kjem av dei flotte beiteforholda på stølen, og viser at mjølka er rik på karoten. Osten er ysta på låg temperatur og laktoseredusert før modning, og er ein fast gauda-type som skal modnast i eit år før sal. Kronblom vann sølvog bronsemedalje i Oste-VM i november 2018. Sølv for 1 års lagra og bronse for 2 års lagra.

Kva du kan bruke Kronblom til? Vel, om du liker ost kan du bruke Kronblom til det aller meste.