Fagerdalen
Fagerdalen støl er gamal som alle haugane og har vore drive av familien til Anne-Lise Søndrol sidan 1702. Her har dei drive osteproduksjon på same måten opp gjennom hundreår – få stader i Ostebygda sit tradisjonane så godt i veggene som her. Her har Anne-Lise ysta kvit kyost, kokt Trøgost og laga Surystil akkurat slik generasjonane før henne gjorde. I Anne-Lise sin tradisjonsrike støls-kafé i Fagerdalen får du kjøpt rumme, rummegraut, smør og andre stølsprodukt, og eit godt utval av det beste frå Ostebygda.
![](https://usercontent.one/wp/www.ostebygda.no/wp-content/uploads/2019/03/LOGO-Fagerdalen-SORT-gjennomsiktig.png)
![](https://usercontent.one/wp/www.ostebygda.no/wp-content/uploads/2019/03/Ostebygda-Fargerdalen-Family-2018-Emile-Holba-2-1-510x382.jpg)
![](https://usercontent.one/wp/www.ostebygda.no/wp-content/uploads/2019/03/Ostebygda-Fargerdalen-Family-2018-Emile-Holba-2-1-510x382.jpg)
Fagerdalen
Fagerdalen støl er gamal som alle haugane og har vore drive av familien til Anne-Lise Søndrol sidan 1702. Her har dei drive osteproduksjon på same måten opp gjennom hundreår – få stader i Ostebygda sit tradisjonane så godt i veggene som her. Her har Anne-Lise ysta kvit kyost, kokt Trøgost og laga Surystil akkurat slik generasjonane før henne gjorde. Osten på bildet er den kvite kyosten, som er laga i Fagerdalen i mange tiår.