Hamarsbøen

Hamarsbøen er ein mellomstor norsk gard som ligg i 700 meters høgde i Kvisla, med fantastisk utsyn nedover i Hallingdal. Her bur 25–30 mjølkekyr. Av mjølka frå dei glade kyrne på Hamarsbøen ystar Tim ved Hol Ysteri tre ulike kvitostar. I tillegg leverer Hamarsbøen mjølk til Trine på Jakobsplass når ho treng det til primen sin. Om sumaren koser kyrne seg på stølen, som ligg i Havsdalen. Ostane frå Hamarsbøen blir laga på vintermjølk. Av stølsmjølka blir det laga gul og feit Havsdalsrumme full av Omega 3, 6 og antioksidanter.

Kvitost

Hamarsbøen sin Kvitost er ein gaudainspirert, pasteurisert ostetype som er ysta på låg temperatur og laktoseredusert før modning. Kvitosten er laga på vintermjølk og blir selt etter seks månaders modning. For denne stasosten har Hamarsbøen fått bronsemedalje i VM 2018.

Kva med å introdusere din meksikanske favorittrett for denne kvitosten?

Røykt kvitost

Når Tim har ysta kvitost, hentar Lars Hamarsbøen noko av kvitosten frå ostelageret og røyker han i den vedfyrte røykebua på Hamarsbøen. Osten blir røyka i 30 timar før han blir vakuumert. Deretter skal han lagrast i minst ei veke for at den gode røyksmaken skal fordele seg i osten.

Kva med å lyfte ostebrødopplevelsen til nye høgder med denne røykte kvitosten?

Lykjylost

Den prislønte kvitosten er base også for Lykjylosten, som altså òg er ein gaudatype. Her blir det tilsett spisskummen heilt i slutten av ysteprosessen, rett før forminga av ostane, og med dette kjem den karakteristiske nøkkelostsmaken.

Kva med å få inn Lykjylosten på kvardagsfrukosten i heimen?