Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Toradertrioen // Hol gamle kyrkje

16. juli 2019 @ 20:00 - 21:00

Foto: Sommarkveld i gamlekyrkja

 

Sommarkveld i gamlekyrkja 2019
Toradertrioen – tirsdag 16.juli
#sommarkveld #2 #holgamlekyrkje

Toraderen hadde vore mykje nytta rundt omkring på bygdene då tre karar frå Ål midt på 70-talet byrja med noko heilt nytt, nemleg fleirstemt samspel på torader. Desse tre, Thorleif Stave, Ola Rygg og Oddvar Fingarsen hadde spelt ein del i lag to og to, men no fann dei saman i den friske trestemt-klangen som skulle bli varemerket til Toradertrioen frå Hallingdal, og som på mange måtar sette standarden for runddansmusikk på torader i orkestersamanheng.

Dei fekk med seg gitar og bass, og snart kom tilbodet om platekontrakt. Det vart etterkvart fleire plater – fem i alt, og desse selde til sølvplater, gullplater og det vart Spelemannspris. Knapt noko anna gamaldansorkester har sett eit så tydeleg fotavtrykk. Sjølv i dag, 45 år etter oppstarten, blir Toradertrioen trekt fram som stilskapar og inspirasjonskjelde for nye generasjonar toraderspelemenn og –kvinner.

Besetningen me møter i dag er primus motor Thorleif Stave og Oddvar Fingarsen som begge har vore med heilt frå starten, Jostein Sørbøen som kom inn i 1979 etter at Ola Rygg måtte prioritera lensmanns-embetet framfor speleoppdrag og Tore Løvgreen som kom inn og forsterka laget sist på 70-talet. Eit av Noregs beste gamaldanskomp med Terje Tandberg på bass og Tor Bekkelund på gitar gjer lydbiletet komplett. Med dette skulle tonen vera sett.

Detaljar:

Dato
16. juli 2019
Tid:
20:00 - 21:00

Lokale

Hol gamle kyrkje
Ålmannsvegen 1
Hol, 3576 Norge
+ Google-kart