Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Carl Petter Opsahl & Jo Asgeir Lie // Hol gamle kyrkje

30. juli 2019 @ 20:00 - 21:00

Foto Opsahl: Ann Iren Øverby
Foto Lie: Oddleiv Apneseth

 

Sommarkveld i gamlekyrkja 2019
Carl Petter Opsahl & Jo Asgeir Lie
#sommarkveld #4 #holgamlekyrkje

Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl har kvar for seg markert seg tydeleg i norsk musikkliv innanfor ulike sjangrar dei siste to tiåra. Dei musikalske vegane deira har kryssa kvarandre gjennom mange år, og i 2010 skreiv og oppførte de bestillingsverket «Vinden blæs dit den vil» for folkemusikkveka på Ål.

No set dei seg føre å presentere tradisjonsmusikk på klarinett og trekkspel, med utgangspunkt i tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen, og klarinett-tradisjonen som ein finn spor etter der. Sjølvsagt på deira eigen måte!

Klarinett var i tidlegare tider eit mykje brukt instrument i Gudbrandsdalen, ved sidan av fela.

Klarinettradisjonen i Gudbrandsdalen er på langt nær så kjend som tradisjonen på fele. Samstundes var det ei tid i musikkhistoria der det var viktig å kunne spele både klarinett og fele dersom ein skulle vere spelemann: bruremarsjen skulle nemleg spelast på klarinett!

Dei har undersøkt arkiv og oppteikningar og leitt etter spor av klarinetten i tradisjonsmusikken. Eit knippe av desse slåttane har dei no arrangert for klarinett og trekkspel.

Carl Petter Opsahl har også gått djupt inn i salmetradisjonen i Gudbrandsdalen. Som student ved Ole Bull Akademiet i 2016-2018 fekk han høve til å dykke ned i gudbrandsdalstradisjonen, og fann på vegen ei skattekiste av salmetonar og lite brukte former av meir kjende salmar. Kombinasjonen av verdsleg og sakral musikk fylgde menneska i Gudbrandsdalen gjennom livet, og det er også ei slik reise Opsahl og Lie ønskjer å ta publikum med på i denne konserten. Danseslåttar blir sett saman med salmetonar, bruremarsjar og bånsullar- musikk som speglar sjølve livet.

Detaljar:

Dato
30. juli 2019
Tid:
20:00 - 21:00

Lokale

Hol gamle kyrkje
Ålmannsvegen 1
Hol, 3576 Norge
+ Google-kart